Mercedes er eit kvinnenamn. Det var opphavleg eit tilnamnjomfru Maria, [Maria de las mercedes], som tyder ‘Den miskunnsame Maria’.

I dag er Mercedes mest kjent som eit bilmerke. Mercedes Jelinek var dotter av ein racerkøyrar i Daimler-konsernet, og det var faren hennar som foreslo Mercedes som bilmerkenamn. Mercedes-Benz er eit dotterselskap under Daimler.

Personar med namnet Mercedes

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Mercedes Knudsen fødd 1885 i Lillesand.

Kjende personar med namnet Mercedes

Eksempel på ein person med namnet Mercedes som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Mercedes som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Mercedes i perioden 1900–2017, var det 75 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Mercedes. Dette inneber at 25 prosent hadde Mercedes som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg