Linn T. Sunne

Faktaboks

Linn T. Sunne

Linn Tormodsdatter Grøndahl Sunne.

Født
2. desember 1971, Kongsberg.
Forfattaren Linn T. Sunne under barnebokfestivalen i Grimstad 2012.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Linn T. Sunne er ein forfattar, litteraturformidlar, politikar og litteraturkritikar med allsidig og prislønt produksjon av lettlesne bøker for born og unge.

Bakgrunn

Linn T. Sunne er utdanna allmennlærar frå Høgskulen i Oslo i 1995, med fordjuping i norsk, sosiologi og forming. Mellom 1995 og 2006 arbeidde ho som lærar på barne- og ungdomstrinnet i Nordre Land kommune. Sidan 2006 har ho vore tilsett som litteraturformidlar på bokbussen til Innlandet fylkesbibliotek. Sunne har òg vore frilans bokmeldar for Oppland Arbeiderblad og barnebokkritikk.no, og mellom 2003 og 2005 skreiv ho manus for fjernsynsserien Hotel Cæsar. I perioden 2006–08 var ho medforfattar av lærebokverket Agora.

Frå 2019 er ho varaordførar for Arbeidarpartiet i Nordre Land.

Forfattarskap

Sunne skriv bøker både på nynorsk og bokmål, og ho fekk den skjønnlitterære debuten sin med boka Stjernestøv i 2000. Ho har skrive både lettlesbøker, biletbøker og barne- og ungdomsromanar. Sunne skriv på ein realistisk måte, med korte og lettlesne setningar, og ho viser fram i staden for å forklare.

Bøkene for dei litt eldre lesarane rommar ofte tragiske hendingar, kriser og vanskelege kjensler. Bøkene har som regel jenter som hovudpersonar, og dei er interessante i eit kjønns- og teknologiperspektiv. I barneromanen Happy (2007) skildrar Sunne konsekvensane av at avslørande mobilbilete lett kan spreiast til uvedkomande.

Utmerkingar

Fleire av bøkene til Sunne har fått gode kritikkar, og i 2007 fekk ho Brageprisen for Happy. I 2012 fekk ho Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for forfattarskapen sin, og ho vann Brageprisen i den opne klassa for ungdomsboka Lille ekorn.

Utgivingar

  • Enkekeiserinne Cixi (Sakprosa for barn, Gyldendal, 2020)
  • Exit (Medforfatter) (Noveller for ungdom, Gyldendal, 2019)
  • Kleopatra (Sakprosa for barn, Gyldendal, 2019)
  • Katarina den store (Sakprosa for barn, Gyldendal, 2018)
  • Margrete 1. (Sakprosa for barn og ungdom, Gyldendal, 2017)
  • Apropos forelska (Barnebok, Samlaget, 2016)
  • Elizabeth 1. Kongelige (Gyldendal, 2016)
  • Jenta i Blindgata (Barnebok, Samlaget, 2016)
  • Lett lykkelig (Ungdomsbok, Gyldendal, 2016)
  • Alt du kan ønske deg (Barnebok. Ungdomsbok, Samlaget, 2014)
  • Tyven på fjellet (Barnebok, Gyldendal, 2012)
  • Lille ekorn (Ungdomsbok, Gyldendal, 2012)
  • Kjelleren (Barnebok, Gyldendal, 2011)
  • Hundre raketter og ett skudd (Barnebok, Gyldendal, 2011)
  • Saiko (Ungdomsbok, Samlaget, 2011)
  • Pistolen (Barnebok, Gyldendal, 2010)
  • Venner og uvenner (Barnebok, Gyldendal, 2010)
  • Mystiske gjester (Barnebok, Gyldendal, 2009)
  • Blå Blondie (Barnebok, Samlaget, 2008)
  • Happy (Roman, Kolon, 2007)
  • Størst (Barnebok, Gyldendal, 2006)
  • Min venn himmelen (Biletbok, Gyldendal, 2005)
  • Luna (Barnebok, Samlaget, 2003)
  • Under morelltreet (Barnebok, Samlaget, 2001)
  • Stjernestøv (Barnebok, Samlaget, 2000)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg