Laurense er eit kvinnenamn som kjem av Laurentse som kan vere avleidd av mannsnamnet Laurents. Namnet kan også vere ein variant av latin Laurentia som tyder ‘kvinne frå byen Laurentum’ (Italia).

I den opphavlege konsonantgruppa [nts] i Laurentse har [t] falle bort.

Namnet har fleire variantar: Laurense, Laurentse, Laurentze.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Laurense som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Laurense i perioden 1900–2017, var det 76 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Laurense. Dette inneber at 24 prosent hadde Laurense som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Laurense på 1800-talet.

Laurense var – til liks med Laurentse – klart mest brukt i Rogaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Laurense på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Laurense var – til liks med Laurentse – klart mest brukt i Rogaland.

Historisk bruk av namnet Laurense
Historisk bruk av namnet Laurense
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg