Kolbjørg er eit nylaga kvinnenamn (1868): Kol-bjørg. Det lydlike mannsnamnet Kolbjørn kan ha stått som mønster for denne nylaginga.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Kolbjørg Marthild Tvedt fødd 1868 i Bergen, busett i Fana i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 90 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Kolbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg