Knut Magne Flølo

Faktaboks

Knut Magne Flølo
Født
18. november 1949, Vestnes, Møre og Romsdal

Artikkelstart

Knut Magne Flølo er tidlegare ordførar i Vestnes kommune og tidlegare møtande vararepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Møre og Romsdal. Han var fast møtande som representant for landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Bakgrunn

Knut Magne Flølo er fødd i Vestnes i Møre og Romsdal. Han er utdanna elektrikar, og han arbeidde i mange år med mekling for skipsreiarar, som dagleg leiar av firmaet Sanab-Branch Office.

Politisk karriere

Flølo har vore aktiv FrP-politikar sidan han melde seg inn i partiet i slutten av 1970-åra. Etter nokre år ute av politikken blei han vald til ordførar i Vestnes kommune for perioden 2003–2007, ved direkteval. Flølo blei med det den første FrP-ordføraren i fylket. Han har vore vald til kommunestyrerepresentant for FrP i Vestnes i periodane 2003 til 2019 og har òg hatt fleire periodar i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Flølo møtte fast på Stortinget for Jon Georg Dale for Framstegspartiet frå Møre og Romsdal i 2017–2018 og i 2019–2020. På Stortinget var han medlem av finanskomiteen og av helse- og omsorgskomiteen. Politisk har han vore særleg oppteken av å gi næringslivet betre rammevilkår, for få bort formueskatten og for å investere i infrastruktur.

Andre verv

Flølo har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Han er medlem i styret for Norsk Tindesenter, medlem av styret for miljøselskapet ÅRIM, nestleiar i Vestnes Energi AS og styreleiar i Sameiet Trappeskolen 1. Han har tidlegare vore styremedlem i Tremek AS og i Vestnes Næringsforum.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg