Faktaboks

Karl Bonden
Fødd
27. februar 1903, Sande, Vestfold
Død
20. mai 1985, Bærum, Akershus
Verke
Organisasjonsleiar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Hans Bonden (1858–1943) og Maren Teien (1865–1933).

Gift 1928 med Hjørdis Ekerholt (26.5.1906–), dotter til gardbrukar Georg Ekerholt (1870–1924) og Josefine Kjærstad (1872–1961).

Karl Bonden var ein sentral organisasjonsleiar innan norsk landbruk frå 1930-åra. Som generalsekretær i Norges Bondelag vart han ein viktig aktør også i etterkrigstida.

Bakgrunn

Karl Bonden voks opp i ein bondefamilie. Etter avslutta allmennskule tok han eksamen ved Vinterlandbruksskolen i Kristiania i 1922. Forkurset på Hamar til Norges landbrukshøgskole avslutta han våren 1923, og etter avsluttande eksamen ved Landbrukshøgskolen våren 1926 var han eit år assistent ved jordkulturforsøka på Ås. I 1927–1929 var han lærar ved Vinterlandbruksskolen.

Virke

I 1929 vart Bonden tilsett som sekretær, seinare kontorsjef, ved Norske Melkeprodusenters Landsforbund (NML). Han kom inn i forbundet midt i ein kriseperiode i jordbruket, med avsetningsvanskar og overproduksjon.

Samvirkeorganisasjonane i jordbruket fekk etter kvart stor innverknad på jordbruksvaremarknaden og reguleringa av den. Karl Bonden kom til å spela ei tilretteleggjarrolle som saksførebuar og administrativ leiar gjennom 16 år i den største av desse organisasjonane, NML.

Fagorganisasjonane Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag låg nede under andre verdskrigen. Saman med mellom andre direktør Guttorm Sollid i Norsk Kjøtt- og Fleskesentral og juridisk rådgjevar Sverre Lie, var Karl Bonden med på å dra opp linene for ein framtidig, ombygd organisasjonsstruktur i landbruket som kunne nyttast om og når Noreg igjen vart fritt. Ideen om ein felles topporganisasjon med landbrukssamvirket i leiinga, vart lagt bort, og ein kom fram til at samvirkeorganisasjonane heller skulle samlast under ein paraply. Alt den 24. mai 1945 vart Felleskontoret for Landbrukets økonomiske organisasjoner etablert – i desember 1947 namneendra til Landbrukets Sentralforbund (LS). Jon Sundby vart styreformann og Karl Bonden dagleg leiar.

Karl Bonden var bedt om å overta den ledige generalsekretærstillinga i Bondelaget i 1949, etter fleire runder med fagpolitisk kompetandestrid mellom laget og LS etter gjenreisinga i juli 1945. Bonden var interessert, men stilte som vilkår at samordningsproblema mellom Bondelaget og LS vart løyste først. Etter mange innspel og løysingsforsøk nådde partane fram til ein samarbeidsavtale i februar 1950, og Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget vart statens forhandlingsmotpart. Karl Bondens overgang til Bondelaget samme år var i seg sjølv eit uttrykk for ei styrking av laget innan bonderørsla.

Den nye generalsekretæren Bonde vart ein sentral og viktig aktør i samarbeidsmiljøet mellom bondesamvirket og Bondelaget i 1950- og 1960-åra. Med avtaleverket i 1950 vart Bondelaget og dei økonomiske organisasjonane i sterkare grad avhengige av kvarandre enn tidlegare. Bondelaget hadde nøkkelrolla under tingingane med Staten.

Med sin lange praksis i NML og tillit i samvirkeorganisasjonane spela Bonden ei viktig brubyggjarrolle desse åra. Bondelaget inngjekk i 1957 ein avtale med forsikringsselskapet Norske Forenede. Dette var den første gruppelivsavtalen i Noreg, og frå Bondelaget si side var Karl Bonden og Hallvard Eika arkitektane.

Som stabssjef i Bondelaget var Bonden sentral i det korporative samarbeidet med staten som vart bygd vidare, ved sida av dei skiftande bondelagsformennene gjennom åra. Bonden var administrativ leiar i Norges Bondelag i 18 år, til han i 1968 gjekk over i ei seniorstilling som rådgjevar.

Andre verv og utmerkingar

I løpet av åra i Bondelaget var Bonden blant anna styreformann i Samvirkebanken og medlem av kontrollkomiteen i Norges Kreditforening for Land- og Skogbruk. Han var styreformann i Bondelagets folkehøgskole, som vart sett i drift i 1950.

Bonden var seinare medlem av representantskapet og kontrollkomiteen i Norske Forenede i mange år. Han var også medlem av representantskapet i avisa Nationen i ei årrekke. Han var æresmedlem i Norges Bondelag frå 1968.

Utgjevingar

  • Jordbruksavtalene 1945–1970, 1973

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • H. Borgen, S. Erland og A. Ringen: Norske melkeprodusenters landsforbund, 1881–1981, 1981
  • O. Rovde: I kamp for jamstelling, bd. 1 av Norges Bondelags historie, 1995
  • B. Gjerdåker: Bygdesamfunn i omvelting, bd. 2 av Norges Bondelags historie, 1995

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg