Faktaboks

Offisielt namn
Caribisch Nederland
Norsk namn
Karibisk Nederland
Også kjend som

BES-øyene

Hovudstad
Kralendijk, Oranjestad og The Bottom
Statsform
Kommunar i Nederland
Statsoverhovud
Willem-Alexander
Landareal
322 km²
Innbyggjartal
27 000 (FN-estimat (FAO), 2022)
Offisielt/offisielle språk
Nederlandsk (+ engelsk på Saba og St. Eustatius, og papiamento på Bonaire)
Valuta
Amerikanske dollar
Flagg
Karibisk Nederland
Kart over Karibisk Nederland. Bonaire i vest, Sint Eustatius og Saba i aust.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Bonaire
Bonaire, fotografert frå verdsrommet.
Av .
Saba
Saba har ofte tåke i fjella.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
Sint Eustatius
Kysten av Sint Eustatius ved Atlanterhavet. Quill-krateret strekk seg opp mot skyene.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Karibisk Nederland er dei tre nederlandske kommunane som ligg i Karibia: Bonaire, Sint Eustatius og Saba.

Dei tre øyane vart kommunar i Nederland då Dei nederlandske Antillane vart oppløyst i 2010. Dei nederlandske Antillane (tidlegare Nederlandsk Vestindia) bestod av to øygrupper i Dei små Antillane (Aruba, Bonaire og Curaçao, like utanfor kysten av Venezuela), og Saba, Sint Eustatius og Sint Maarten i nord, søraust for Jomfruøyane.

Oppløysinga av Dei nederlandske Antillane

Aruba vart skilt ut som eige sjølvstyrt land innan Kongeriket Nederlanda i 1986, og resten av Dei nederlandske Antillane vart oppløyst 10. oktober 2010, då Curaçao og Sint Maarten òg vart sjølvstyrte land innan kongeriket, medan resten av øyane vart del av Nederland som kommunar med spesiell status.

Øyane som ville bli verande i Nederland

Desse resterande øyane (Bonaire, Sint Eustatius og Saba) er ikkje ei samla eining, men ønskte alle å halde fram med å vere ein del av Nederland, men med spesiell status.

Øyane har eigne lokalforvaltningar som liknar nederlandske kommunar på dei fleste område, dei har ein borgarmeister og eit kommunestyre og må innføre det meste av nederlandsk lov. Innbyggjarane på dei tre øyane kan òg røyste ved nasjonale avstemmingar i Nederland og ved EU-val.

Det er nokre avvik frå det som er vanleg i andre nederlandske kommunar. Sosiale ytingar er til dømes ikkje på same nivå som i den europeiske delen av Nederland og øyane er ikkje bli forplikta til å innføre euro. Nokre sosiale rettar er det òg gjort unntak for.

Forvaltninga til riksstyresmaktene og offentleg tenester for øyane er samla i fellesorganet Rijksdienst Caribisch Nederland. Det blir gjeve ut frimerke med nemninga Caribisch Nederland.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg