Kanutte er eit kvinnenamn som går tilbake til Canutta som er ei latinisert form avleidd av mannsnamnet Knut.

Latin har ikkje [kn] i framlyd, og latinsk form av Knut vart dermed Canuttus. Heller ikkje nyare engelsk har [kn] i framlyd, jamfør uttalen av knife.

Namnet har fleire variantar: Kanutta, Kanutte.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 90 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Kanutte som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Kanutte i perioden 1900–2017, var det 70 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Kanutte. Dette inneber at 30 prosent hadde Kanutte som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kanutte på 1800-talet.

Kanutte var klart mest brukt i Møre og Romsdal .

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kanutte på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kanutte var klart mest brukt i Møre og Romsdal (Volda). (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Canutte.)

Historisk bruk av namnet Kanutte
Historisk bruk av namnet Kanutte
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg