Juni er eit kvinnenamn som går tilbake til månadsnamnet juni. Det er tatt i bruk som førenamn i 1860.

Namnet er ofte brukt på jenter fødde i juni.

Namnedag er 1. juni. June har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Juni

Kulturell bruk

  • Songar om veslejenta Juni (1996) av Geirr Lystrup. Desse songane kan ha inspirert til den auka bruken i 1990-åra.

Kjende personar med namnet Juni

Eksempel på ein person med namnet Juni som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 452 kvinner i Noreg som hadde Juni som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 12 jenter som fekk namnet Juni.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Juni frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Juni frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2012: [August] fødd i august, [Julie] i juli eller jula – om fornamn relatert til tidspunktet for fødselen. [Studia anthroponymica Scandinavica 30].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg