Johan Veka

Faktaboks

Johan Veka
Født
23. mars 1896, Sand, Ryfylke
Død
24. juni 1985, Suldal, Ryfylke

Artikkelstart

Johan Veka var ein norsk lærar, folkeminnegranskar og lokalhistorisk forfattar frå Rogaland. Som bygdehistorikar fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

Bakgrunn

Johan Veka var fødd på Sand i Ryfylke og døydde i Suldal. Han budde på garden Bråtveit i Suldal. Etter å ha gått på Ryfylke folkehøgskule på Sand tok han lærarskulen i Kristiansand.

Virke

Veka var først lærar i Sunnhordland og Telemark, men arbeidde så på Bråtveit skule frå 1923 til 1965. Han var folkeminnegranskar og skreiv mykje om folkelivet i Indre Ryfylke både i tidsskrift og aviser, og han var òg ein mykje nytta folketalar. Veka var mellom anna formann i Suldal Mållag og medarbeidar i Norsk målførearkiv.

Han samla bygdehistorisk stoff, som han gav ut i bøker, mellom anna Liv og lagnad i Suldal. I 1950-åra var han medarbeidar i bokverket Norges Bebyggelse og skreiv artikkelen om Suldal der. Frå 1940 skreiv han òg mange artiklar i årboka Ætt og Heim, utgitt av Rogaland historie- og ættesogelag. I 1972 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull – ein stor ærespris for bygdehistorikaren.

Veka var òg kristeleg interessert og gav ut boka Glytt frå kristenlivet i Rogaland i 1952. Han henta stoff både frå skriftlege kjelder og frå samtalar med eldre folk. Med det tok han òg vare på mykje munnleg tradisjon.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gunvor Bakka, Ernst Berge Drange og Ingvar Olimstad (red.): Med Suldal i hjarta. Johan Veka. Eit hundreårsskrift (antologi). Ryfylke 1996. Les hos Nasjonalbiblioteket.
  • Hallvard M. Hoftun: Gamle Suldal. Gards- og ættesoge. Suldal 1972
  • Haakon M. Fiskaa og Haakon Falck Myckland: Norges bebyggelse. Sørlige seksjon. Herredsbindet for Rogaland Nordre del. Oslo 1959
  • Rogaland historie- og ættesogelag: Ætt og Heim. Lokalhistorisk årbok for Rogaland. Stavanger 1975

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg