Faktaboks

Joachim Gauck
Fødd
24. januar 1940, Rostock
Forbundspresident Joachim Gauck, 2012
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Joachim Gauck var tysk president, politikar og forfattar. Tidlegare prest og borgarrettsaktivist i DDR og tidlegare leiar for det tyske arkivet etter tryggingstenesta Stasi. Forbundspresident i Tyskland frå 2012 til 2017.

Oppvekst

Joacim Gaucks far var fødd inn i ein familie av sjøfolk i Rostock. Både mor og far hans var medlemer av NSDAP. Etter den andre verdskrigen jobba faren som inspektør på Neptun-verftet i Rostock. Då Joachim Gauck var 11 år gamal, i juni 1951, vart faren arrestert av den sovjetiske tryggingstenesta. Han vart skulda for spionasje og antisovjetisk hets. Familien vart orienterte verken om arrestasjonen eller om skuldingane. Først i september 1953 fekk dei vite at han framleis var i live, og at han sat i ein arbeidsleir i Sibir. Han slapp først fri i 1955. For Joachim Gauck vart denne opplevinga avgjerande for det seinare politiske engasjementet. Han har sagt om seg sjølv at han vaks opp med ei vel grunngjeven antikommunistisk haldning.

Ettersom han var oppvaksen i ein regimekritisk familie, fekk Joachim Gauck ikkje lov til å studere det faget han helst ville studere i DDR, nemleg journalistikk. Men han fekk studieplass på teologi. I 1959 gifta han seg med Gerhild Radke. Etter at han vart ordinert til prest i 1967, arbeidde han i først i Lüssow i Mecklenburg-Vorpommern, og frå 1971 i Rostock-Evershagen.

Politisk karriere

Han var oppteken av freds-, menneskeretts- og miljøspørsmål, og vart overvakt av DDRs tryggingsteneste Stasi frå 1974. I 1989 slutta han seg til den regimekritiske demokratirørsla Neues Forum. I 1990 vart han vald som representant i DDRs parlament Volkskammer, som representant for Neues Forum i Rostock. Der var han ei av drivkreftene bak lova for Stasis etterlatne dokument. Same år vart han vald til den første leiaren for arkivet etter Stasi (BStU). Gauck sat som leiar for arkivet fram til 2000.

Etter 2000 har Gauck fleire gonger gjort seg gjeldande i den tyske politiske debatten. Han har markert seg gjennom å rose tidlegare kanslar Gerhard Schröders omfattande reformer av den tyske velferdsstaten. Han omtalte også boka til den kontroversielle sosialdemokraten Thilo Sarrrazin i positive ordelag.

I 2010 tok han til orde for at partiet Die Linke, som er den politiske arvtakaren etter DDRs kommunistparti SED, bør overvakast av den tyske etterretningstenesta.

Gauck har ikkje budd saman med kona si sidan 1991, men dei er ikkje skilde. I dag bur han i Berlin og er sambuar med journalisten Daniela Schadt.

Ved det tyske presidentvalet i 2010 var han kandidat for partiet Die Grünen og det sosialdemokratiske SPD. Den gongen tapte han mot det kristenkonservative partiet CDUs kandidat Christian Wulff. Etter at Wulff trakk seg som president 17. februar 2012, vart Joachim Gauck utropt som presidentkandidat av partia CDU/CSU, FDP, SPD og Die Grünen. Partiet Die Linke varsla at dei ikkje ville stø Gaucks kandidatur. 18. mars 2012 vart han vald til ny president i Tyskland.

Gauck var president til 19. mars 2017 då han vart etterfølgd av Frank-Walter Steinmeier (SPD).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg