Faktaboks

Thilo Sarrazin
Fødd
12. februar 1945, Gera
Thilo Sarrazin

Thilo Sarrazin er ein tysk økonom, forfattar og tidlegare politikar for Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD).

Bakgrunn

Han vart fødd i Gera i delstaten Thüringen. Far hans var lege, mora kom frå ein vest-prøyssisk landeigarfamilie. Han voks opp i Recklinghausen i Ruhr-området og studerte økonomi ved Universitetet i Bonn. Der tok han også doktorgrad i økonomi. I 1973 gjekk han inn i SPD. Året etter byrja han arbeide som byråkrat i i finansdepartementet. Frå 2002 til 2009 var han finanssenator i delstaten Berlin. I 2009 vart han vald til styremedlem i den tyske sentralbanken.

Forfattarskap

I 2010 publiserte han boka Deutschland schafft sich ab («Tyskland avskaffar seg sjølv»). Bokas utgangspunkt er uro over låg fødselsrate i Tyskland, ein veksande sosial underkslasse og aukande innvandring. Sarrazin åtvarar om at Tyskland, slik ein kjenner landet i dag, vil forsvinne. Boka vart raskt ein bestseljar og har seld meir enn 1,5 million eksemplar.

I boka går Sarrazin til frontalangrep på tysk innvandringspolitikk. Han er særleg uroa over innvandrarar med opphav i Tyrkia. Sarrazin hevdar at dei arbeider mindre enn andre, og at dei mottek meir offentleg støtte gjennom Hartz IV enn andre. I tillegg hevdar han at fødselsraten i denne innvandrargruppa er så høg at dei på sikt vil fortrengje dei opphavlege tyskarane frå Tyskland. Dette vil få nærast katastrofale følgjer, ettersom tyrkiske innvandrarar av genetiske årsaker er mindre intelligente enn gjennomsnittet, hevdar han.

Kontrovers

Boka vart utsett for krass kritikk då ho kom. Fleire aktørar, mellom anna nyhendekanalen ARD skulda Sarrazin for å ha triksa med statistikk. Som følgje av kontroversen rundt boka måtte Sarrazin trekkje seg som styremedlem i sentralbanken. Partileiinga i SPD sette også i gang ein prosess for å eksludere han frå partiet. Denne prosessen førte ikkje fram.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg