Faktaboks

Janosch

Horst Eckert

Fødd
11. mars 1931,  Hindenburg (nå Zabrze)
Janosch
janosch.de.

Janosch er ein tysk barnebokforfattar og illustratør. Han er særleg kjend for bøkene om den vesle tigeren og den vesle bjørnen. Han har i alt skrive 150 bøker.

Bakgrunn

Han er fødd i en gruveby i Ober-Schlesien, byen er i dag kjent som Zabrze i Polen, og vaks opp hos besteforeldra. Etter andre verdskrigen flytta han med foreldra til München.

Etter eit mislukka forsøk på kunstutdanning på Akademie der Bildenden Künste München livnæra han seg som frilans skribent og teiknar. Den første boka hans, Die Geschichte von Valek dem Pferd («Historia om hesten Valek»), kom i 1960. Han flytta til Tenerife tidleg på 1980-talet, og har sidan budd der.

Forfattarskap

Bokomslag  «Eplemos mot kjærleikssorg»

Forteljingane hans er prega av ein respektlaus ironi, hvor han mellom anna kan snu opp ned på moralen i gamle fablar, slik som i Dyreliv (1981, tysk tittel Das Leben der Thiere). I den første boka om tigeren og bjørnen, Til Panama, til Panama (Oh, wie schön ist Panama, 1978), byrjar det heile som ein ambisiøs ekspedisjon, medan lesaren ser at dei to venane bare går nokre gangar rundt i sitt eige nærmiljø.

Han vart introdusert på norsk i 1974 med Josef med tryllefela (Der Josa mit der Zauberfidel, 1960). Meir typisk for den modne Janosch var den andre boka som kom på norsk, Heilt verkeleg sant (1977, tysk tittel Ich sag, du bist ein Bär).

Det norske Samlaget utgir bøkene hans i Noreg, og Halldis Moren Vesaas og Guri Vesaas har vore mellom omsetjarane.

Utmerkingar

  • Deutscher Jugendlitteraturpreis 1979
  • Zilveren Griffel 1984
  • Bologna Ragazzi Award 1987
  • Bundesverdienstkreuz 1993
  • Orden de Manuel Amador Guerrero 1999 fra Panama
  • Bayerischer Poetentaler 2002

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Angela Bajorek. Wer fast nichts braucht, hat alles: Janosch – die Biographie. 2016
  • Harald Bache-Wiig. Norsk barnelitteratur – lek på alvor : glimt gjennom hundre år. Cappelen, 1996. Artikkelen «Den dobbelte stemmen i barnelitteraturen». Les boka her
  • Barnas forfatterleksikon. Redigert av Morten Haugen. Damm, 2003. Les boka her

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg