Isac

Artikkelstart

Isac er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Isak, eit hebraisk mannsnamn som tyder ‘må han le’.

Denne tydinga viser til forteljinga i Bibelen om Sara som stod bak døra og lo då Herren spådde for Abraham at ho i sin høge alder skulle føde sonen Isak.

Namnet har fleire variantar: Isack, Isaac, Isak, Isac, Isach.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 440 menn (fødde i Noreg) som hadde Isac som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg