Iren er eit kvinnenamn som er e-laus form av det greske Irene laga til ordet eirene som tyder ‘fred’.

Uttale utan -[e] til slutt i Iren kan vere påverka av fransk uttale av namnet der [-e] ikkje blir uttalt.

Namnet har fleire variantar: Iren, Irena, Irene.

Kjende personar med namnet Iren

Eit utval personar med namnet Iren, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 122 kvinner i Noreg som hadde Iren som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Iren i perioden 1900–2017, var det 87 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Iren. Dette inneber at 13 prosent hadde Iren som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Både Iren og Irene var på topp i 1960-åra, og det kan vere songen «Goodnight Irene» som ligg bak denne populariteten. På den tida var denne songen ofte eit innslag i «Ønskekonserten». Sidan år 1900 har Irene vore brukt over åtte gongar meir enn Iren.

Utvikling i bruk av namnet Iren frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Iren frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg