Herolf

Artikkelstart

Herolf er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Herj-olfr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hær’ og etterleddet ‘ulv’.

Namnet har fleire variantar: Herolf, Herulf.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var målar Herolf Alb. Blyberg fødd 1855 i Kristiania, busett i Aker i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Herolf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg