Hanne Bjurstrøm

Faktaboks

Hanne Bjurstrøm
Hanne Inger Bjurstrøm
Født
20. september 1960, Oslo

Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Av /Likestillings- og diskrimineringsombudet.
Lisens: CC BY NC 2.0

Artikkelstart

Hanne Bjurstrøm er ein norsk advokat og tidlegare politikar for Arbeidarpartiet, som er likestillings- og diskrimineringsombod sidan 2016.

Bakgrunn

Hanne Bjurstrøm er fødd i Oslo. Ho tok examen artium ved Hartvig Nissen videregående skole i 1979 og blei cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1987. I 1990 fullførte ho ein mastergrad i internasjonal jus ved London School of Economics and Political Science.

Karriere

Bjurstrøm var tilsett i lovavdelinga i Justisdepartementet i fleire stillingar i perioden 1987 til 1994 og var byrådssekretær i Oslo i 1994–1995. Seinare arbeidde ho som advokat i Aker RGI frå 1995 til 1997 og hos Regjeringsadvokaten frå 1997 til 2000. Frå 2000 til 2003 var ho dommar og nestleiar i Arbeidsretten, frå 2003 seniorrådgivar i Klima- og miljøverndepartementet og frå 2007 spesialrådgivar og forhandlingsleiar for Noreg i dei internasjonale klimaforhandlingane.

I oktober 2009 blei Bjurstrøm statsråd i Jens Stoltenbergs andre regjering, først med oppgåva å assistere miljøvernministeren i dei internasjonale klimaforhandlingane og frå desember 2009 til 2012 som arbeidsminister.

I tida hennar som arbeidsminister blei det mellom anna gjort ein ny avtale med partane i arbeidslivet om inkluderande arbeidsliv, i 2010. Ei uførereform som inkluderer ny uføretrygd og ny alderspensjon til uføre, blei lagd fram i 2011. Bjurstrøm arbeidde òg ut tiltak mot sosial dumping.

Etter statsrådsperioden gjekk Bjurstrøm attende til Klima- og miljøverndepartementet som spesialutsending for klima. Frå 2013 til 2016 var ho partnar i advokatfirmaet Arntzen de Besche i Oslo. Ho blei likestillings- og diskrimineringsombod i 2016, og overlet stillinga til Bjørn Erik Thon i 2022.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg