Gunvor Ulstein

Faktaboks

Gunvor Ulstein
Født
11. juni 1969, Ulsteinvik
Gunvor Ulstein i 2013
Av .

Artikkelstart

Gunvor Ulstein er ein norsk siviløkonom og næringslivsleiar. Ho var konsernsjef i Ulstein Group i ei årrekkje. Ho er tidlegare kåra til årets forretningskvinne og fekk Møre og Romsdal fylkeskommune sin likestillingspris for 2015.

Ulstein er ein næringslivsleiar som har gått gradane i det maritime familiekonsernet Ulstein, som blei etablert i 1917. Ulstein-konsernet har vore igjennom nødvendige omstruktureringar, som dei fleste bedriftene i denne bransjen. Ulstein har spela ei viktig rolle i utviklinga av norsk skipsindustri og har arbeidd for likestilling i arbeidslivet gjennom rekruttering i eige konsern.

Bakgrunn

Gunvor Ulstein er fødd og vaks opp i Ulsteinvik. Ho er utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole i Bergen og tok 1. avdeling jus ved Universitetet i Bergen i 1988–93.

I 1993–94 var ho trainee ved Columbia Shipmanagement på Kypros, og i 1994–97 var ho salssjef ved motorfabrikken Ulstein Bergen. I perioden 1999–2003 var ho administrerande direktør ved Ulstein Verft og deretter konsernsjef i Ulstein Group frå 2003 til 2020. Ho har òg vore administrerande direktør i dotterselskapet Ulstein Shipping.

Verv

Ulstein er styreleiar i selskapet Ulsmo, den største eigaren til Ulstein Group. Ulstein har vore styreleiar i Ulstein Verft og fleire andre Ulstein-selskap. Ho er styremedlem i Hareid Fastlandssamband og Ulstein Shipping. Gunvor Ulstein har mellom anna òg vore styremedlem i Eksportfinans og Teknologibedriftenes Landsforening, nestleiar av styret i NHO Møre og Romsdal, nestleiar i Rådet i Det Norske Veritas og nestleiar i styret for NRK.

Utmerkingar

I 2006 blei ho kåra til årets forretningskvinne, i 2008 til årets shippingnamn, og ho fekk Young Person in Shipping Award i 2011. Ulstein fekk HR Norge si utmerking «Kunsten å lede» og Teknas Gullmedalje i 2013, og i 2015 fekk ho Møre og Romsdals likestillingspris.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg