Gislaug er eit kvinnenamn som kjem av det norrøne Gíslaug. Namnet er truleg samansett av Gisl- og -laug. Etterleddet tyder ‘lovd til, vigd til’. Bakgrunnen til forleddet er noko usikker. Gisle kan vere det same som forleddet Gisel- i det tyske Gisel-bert der Gisel- tyder ‘spire, skott (på tre)’. Andre namn med denne tydinga er Chloe, Ritva og Vesa. Gisl- kan også gå tilbake til ei våpennemning (pil).
Gislaug
Kulturell bruk
- Gislaug er den synske jenta i Arne Garborgs «Haugtussa» (1895). Ho hadde kjælenamnet Veslemøy.
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 130 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Gislaug som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Otterbjörk, Roland 1979: [Svenska förnamn]. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.[/li][li]
- Seibicke, Wilfried: [Historisches Deutsches Vornamenbuch. 1–4]. Walter de Gruyter–Berlin–New York.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.