Freda er eit kvinnenamn som er kortform av namn på Fred-/-fred, til dømes Fredhild og Alfreda. I enkelte tilfelle kan namnet Freda vere gitt til jenter fødde på ein fredag.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore kasserar i dampskipsselskap Freda Lepsøe fødd 1874 i Ålesund. Ho var døypt Gudfreda, og det er usikkert når kortforma Freda vart tatt i bruk på henne.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Freda som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg