Artikkelstart
Firdaposten er lokalavis for Kinn og Bremanger, som kjem ut i Florø tre dagar i veka. Avisa vert redigert på nynorsk og var tidlegare partiorgan for Arbeidarpartiet. Firdaposten har frå 1996 Amedia som eigar.
Firdaposten er lokalavis for Kinn og Bremanger, som kjem ut i Florø tre dagar i veka. Avisa vert redigert på nynorsk og var tidlegare partiorgan for Arbeidarpartiet. Firdaposten har frå 1996 Amedia som eigar.
I 1938 fekk Arbeidarpartiet kontrollen over ei avis i Fjordane under namnet Gjallarhorn, som hadde kome ut i Førde sidan 1936. Krigen sette ein stoppar for avisføretaket 24. april 1940. Firdaposten skulle ta opp arven etter Gjallarhorn, men med ny utgjevarstad i Florø.
Firdaposten blei skipa på eit møte i Florø 6. oktober 1948. Ambisjonen var å vere organ for Det norske Arbeidarparti i Fjordane og få 2000 abonnentar i løpet av eitt år. Høgreavisa i byen kom i gang igjen eit par veker etter, og i tillegg måtte Firdaposten konkurrere med venstreavisa Firda Folkeblad. Fyrste nummer av Firdaposten kom like før jul i 1948 med Guttorm Hansen, seinare stortingspresident, som redaktør. Dei fyrste åra fekk lesarane fire sider to gonger i veka.
Økonomien var skral, og trykkinga av avisa blei eit problem av di dette ikkje var muleg i sjølve Florø. Det blei inngått prenteavtale med Øens Prenteverk i Førde. Dette skapte praktiske problem, då avisa måtte trykkast om føremiddagen og sendast med buss til Florø om kvelden. I 1955 blei trykkinga av avisa flytta til R. Angell-Jacobsens prenteverk i Florø. Sjølv om prenteverket var gamalt, blei dette rekna som eit stort framsteg. 1. januar 1965 blei trykkinga atter flytta, denne gongen til Bergens Arbeiderblad. Utover på 1970-talet steig misnøya over trykkinga i Bergen. Redaktør Odd Brandsøy freista fleire gonger å få Norsk Arbeiderpresse A/S med på finansiering av eit trykkeri i Florø. Draumen om eige offsettrykkeri blei endeleg verkeleggjort 18. september 1976, og samstundes kom overgangen til tabloidformat.
Brandsøy vidareutvikla avisa og utvida staben monaleg i si lange redaktørtid fram til 1986. Midt på 50-talet auka avisa talet på utgåver i veka frå to til tre, og passerte Firda Folkeblad i opplagstal tidleg på 70-talet.
Frå 1992 har Firdaposten rådd grunnen aleine som lokalavis i Florø. Frå 1990 til 1996, i brytningstida då partisynspunkta blei tona noko ned til fordel for ønsket om å femne heile byen med omland, var det Erik Stephansen som var redaktør i avisa.
Aukande opplag førte til overmot, og Firdaposten freista å erobre nytt land lenger inne i fjorden ved å utfordre avisa Firda i Førde. I desember 1994 auka avisa frå fire til fem utgåver for veka, og vidare til seks utgåver i 1995. Dette blei igjen redusert til fire i 1996 i samband med at A-pressa kjøpte Firda, og konkurrentane fekk same eigar.
År | Opplag |
1952 | 1800 |
1960 | 3301 |
1969 | 3233 |
1983 | 5850 |
1993 | 6736 |
2008 2019 2020 2021 |
5484 5032 5159 4912 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Firdaposten har i seinare år, som dei fleste andre, dagleg oppdatert nettavis.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.