Firda Folkeblad var ei lokalavis for Sunnfjord som kom ut i Askvoll frå 1906 til 1909 og i Florø frå 1909 til 1992.
Firda Folkeblad


Historie
Under Martin Vanberg si leiing hadde Venstre-avisa Søndfjords Avis i Florø vore blant dei mest kompromisslause unionsmotstandarane i tida fram mot 1905. Hausten det året blei Vanberg sjuk, og Ole Johan Vassbotten tok over og drog avisa hardt over til høgresida. Venstre-veljarane stod difor brått utan avis i Sunnfjord. Ingvald Førre og David Lervåg tok initiativ til å starte opp ei ny Venstre-avis i Askvoll. Med seg på laget hadde dei ordføraren i Fjaler, David Olsen Bakke, med fortid som bladstyrar i Firda- og Sygnafylkets Avis frå slutten av 1880-talet. Bakke var ein sentral person i norskdomsrørsla og seinare stortingsmann for Venstre.
Ingvald Førre skipa eit trykkeri i «Olsenbua» i Askvoll, og derifrå kom fyrste nummer av Firda Folkeblad 1. april 1906. Få månadar etter overtok Erik Natvik trykkinga av avisa, og i 1909 kjøpte han både trykkeriet og avisa saman med bladstyrar Ola Hestebeit. Noko seinare tok eit nyskipa lutlag over avisa og flytta henne frå Askvoll til Florø, der avisa kom ut 9. september 1909 med «Maalsaki, Avhaldsarbeidet og Koncessionsspursmaali» på programmet. Få månadar seinare var Søndfjords Avis utkonkurrert.
I 1917 gjekk avisa heilt over til nynorsk. Ho tok tilbake sitt gamle namn Firda Folkeblad då fylket skifta namn i 1919, samstundes som ho ei kort periode gjekk frå to til tre utgåver i veka.
Lærar, Venstre-politikar og ordførar Ludvig Botnen var redaktør frå 1934 til han vart vald inn på Stortinget i 1961. Då overtok Alf Folkestad. Også han verka som redaktør i ei årrekkje og seinare som journalist for bladet til det gjekk inn.
Folkebladet kan reknast som ei av dei bygderadikale Venstre-avisene i landet og kniva med Høgre-avisa Nordre Bergenhus Amtstidende. Dei to avisene hadde stendige spark til kvarandre om fortolking av til dømes stortingsvedtak kontra lokale ynskje. Som i 1930 då Firda Folkeblad tala for at landsmålet skulle verte hovudmål i all undervisning over heile landet, meinte Amtstidende at dette vitna om at Folkebladet i ekstrem grad la dis- triktsomsyn til grunn for den nasjonale politikken.
Etter andre verdskrigen tok A-pressa opp konkurransen og starta Firda posten i 1948. Høgre-avisa i byen forsvann allereie i 1957. Firda Folkeblad tapte gradvis terreng, og siste utgåve kom 21. august 1992.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
1920 | 1850 |
1932 | 2000 |
1950 | 3000 |
1959 | 3444 |
1964 | 3608 |
1972 | 3426 |
1983 | 2254 |
1991 | 2013 |
Fakta
- Firda Folkeblad: fyrste nr. 1.4.1906.
- Skifta namn til Nordre Bergenhus Folketidende frå 3.1.1908, siste nr. 30.6.1919.
- Skifta namn til Firda Folkeblad 3.7.1919, førebels siste nr. 9.4.1942.
- Fyrste nr. etter krigen 16.5.1945. Siste nr. 21.8.1992.
- Slegen saman med Fylkestidende for Sogn og Fjordane og kom ut i perioden 5.11.1942–5.5.1945 under tittelen Folke- bladet for Sogn og Fjordane.
Les mer i Store norske leksikon
Referanser
Gaute Losnegård: «Avisredaksjonen i Askvoll», Sogehefte for Askvoll kommune nr. 14 . Askvoll 2001.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.