Eyrbyggja saga, «Soga om øyrbyggane», er ei av dei større og mest kjente islendingesogene. Ho er skriven på midten av 1200-talet.

Innhald

Soga fortel om strid mellom personar og ætter i området ved Breiðafjörður på Vest-Island. Øyrbyggane budde på garden Eyri (Øyr) på nordsida av Snæfellsnes, men soga fortel òg om folk frå Þórsnes og Álftafjörður. Den fulle tittelen i somme handskrifter er såleis «Soga om torsnesingane, øyrbyggane og alftafjordingane».

Den viktigaste motstandaren til alle desse var hovdingen Snorre gòde (død 1031), og det er han som bind saman forteljingane i soga; det er like mykje ei soge om Snorre gòde som om øyrbyggane og dei andre slektene på nordsida av Snæfellsnes. Persongalleriet i soga er uvanleg stort, men alle hovudpersonane krinsar kring Snorre.

Soga fortel nøkternt og kronologisk og er omtala som ei av dei best komponerte islendingesogene.

Eit særmerkt trekk ved Eyrbyggja saga er at ho inneheld mykje stoff om dagleglivet på Island i tidleg mellomalder, slik som skrivaren på 1200-talet best visste å fortelje. Det er stoff om til dømes skikkar, hushald, klede og rettsskipnad. Difor har soga stor kulturhistorisk interesse.

Den som sette saman soga, har kjent til stoff frå fleire andre soger, særleg Soga om Gisle Sursson, som Soga om øyrbyggane på nokre vis er eit framhald av. Soga nemner også Soga om laksdølane og Heiðarvíga saga.

Overlevering

Eyrbyggja saga er overlevert i fleire handskrifter. Det som er rekna for å vere det beste, Vatshyrna ('boka frå (Stóra) Vatshorn'), brann opp i den store brannen i København i 1728, men teksten er bevart i avskrifter frå 1700-talet. Dei fleste utgåvene og omsetjingane har Vatshyrna som tekstgrunnlag.

Elles er soga overlevert i fragmenter av skinnhandskrifter frå mellomalderen, og i mange seinare papirhandskrifter. Til saman dekkjer skinnfragmentene det meste av soga.

Utgåver og omsetjingar

Den norrøne teksten er utgjeven fleire gonger, til dømes i serien Íslenzk fornrit ved Einar Ól. Sveinsson og Matthías Þórðarson (1985).

Eyrbyggja saga er sist omsett til bokmål av Arnhild Mindrebø (2014) og til nynorsk av Jostein Høgetveit og Else Mundal (1979).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Einar Ól. Sveinsson og Matthías Þórðarson (utg.) 1985. Eyrbyggja saga. (Íslenzk fornrit, IV.) Revidert utgåve ved Ólafur Halldórsson. Reykjavík: Hið íslenzka bókmenntafélag.
  • Høgetveit, Jostein 1979. Soga om Øyrbyggjene. (Norrøne Bokverk, 10.) Revidert utgåve ved Else Mundal. Oslo: Samlaget.
  • Jónas Kristjánsson 1988. Eddas and sagas. Iceland's medieval literature. Reykjavík: Hið íslenska bókmenntafélag.
  • Mindrebø, Arnhild (oms.) 2014. Sagaen om øyrbyggene, i Islendingesagaene. Samtlige sagaer og førtini tætter, V. Reykjavík: Saga. 117–198.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg