Faktaboks

Emir Hindic

Emir Hvidsten

Onge $ushimane

EMIR

Fødd
6. januar 1993, Bergen, Vestland
Emir Hindic.
Av /flickr.com.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Emir Hindic er ein rappar frå Bergen. Han vann Spellemannprisen i 2018 for albumet Mer av deg.

Bakgrunn

Emir (Hvidsten) Hindic er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Frå 2009 til 2012 gjekk han på Bergen Handelsgymnasium.

Musikkarrieren

Hindic er kjend under fleire pseudonym. Som Onge $ushimane har han sidan 2013 vore ein del av rapduoen $ushi x Kobe. Gjennom kanalar som YouTube og SoundCloud gjekk duoen fort frå å vere eit lokalt til eit nasjonalt kultfenomen. I 2015 gav dei ut albumet Japan, med låtar som «Flasker på flasker» og «Flodbølge». Same året kom også låten «Tenker feil», som har hatt høg rotasjon i norsk radio og i strøymetenestene. Tekstane til $ushi x Kobe har ofte eit seksuelt innhald, der dei spelar på kor ulikt to menneske kan tenkje om kjærleik og tilfeldig sex.

Som soloartist bruker Hindic artistnamnet EMIR. Han debuterte med låten «Faller» i 2017. Medan musikken til $ushi x Kobe er hard og aggressiv, er rapmusikken til EMIR meir melodidriven. Tekstuniverset krinsar gjerne rundt temaa kjærleik og forelsking.

Saman med Mathias Humlen, som er den andre halvparten i $ushi x Kobe, og Andreas Høvset og Vetle Junker frå bandet Verdensrommet, er Hindic ein del av det musikalske prosjektet Softcore untd. Dei står bak låtar som «Skolebenken» (2017) og «Gi meg tid» (2019).

Utmerkingar

Med debutalbumet Mer av deg fekk Hindic Spellemannprisen i 2018 i kategorien urban.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg