Giske er ei øy i Giske kommune og er den minste av dei bebudde øyene i kommuna. Øya Giske ligg mellom Godøya og Valderøya og utgjer saman med Vigra ei rekke som kan kallast sørøyane. Øyane utgjer også Giske kommune. Giske har eit areal på 2.67 km2 og det høgaste punktet er Ørnebakken med 26 meter over havet. Giske fekk brusamband med Valderøya då Giskebrua opna i 1987, og til Godøya i 1989 då Godøytunnelen opna. Desse øyane har då alle tunnelsamband til fastlandet via øyane i Ålesund kommune.

Natur

Øya Giske har eit utprega kystkulturlandskap og ein stor del av arealet vert brukt til jordbruk. Heile øya er rekna som eit fredningsområde for dyr, med eit særskilt fuglefredningsområde yst i vest. Her finn vi Makkevika som er eit av dei viktigaste rasteområda for trekkande vadefugl i Noreg, med ein ornitologisk stasjon, for ringmerking av trekkande vadefugl og skjerpiplerke.

Historikk og kultur

På øya Giske budde den mektige Giskeætta frå cirka år 1000 til 1250. Giske soknekyrkje blei opphavleg bygd rundt 1130–1140 som huskapell for Giske gard, med ytre mur av kvit marmor. Kyrkja blei restaurert i 1756 og 1930. Ein gravhaug vi finn på Giske er Mjeltehaugen, her fann dei ei steinhelle dekorert med mønster typiske for klokkebegerkulturen og båtfigurar. På grunn av utsmykkinga i grava trur ein at grava tilhøyrde nokon med stor rang som vart gravlagd mellom 1300 og 1100 fvt. Seinare vart også ei kvinne gravlagt i toppen av gravhaugen, og på bakgrunn av funna i grava er kvinna tidfesta til eldre jernalder omkring 200 evt.

Kvart andre år vert Giskespelet arrangert på øya. Spelet tar for seg historia om Arnungane og deira forhold til Olav den Heilage og slaget på Stiklestad.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg