Elvida er eit kvinnenamn som er kjent frå 1849. Det kan oppfattast som ei blandingsform av til dømes Elvira og Alvida.

Personar med namnet Elvida

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Clara Elvida Hansen fødd 1849 i Kristiania.

Kulturell bruk

  • Operaen «Elvida» (1826) av Gaetano Donizetti. I denne operaen er Elvida ei kastiliansk adelskvinne.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 110 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Elvida som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Elvida i perioden 1900–2017, var det 64 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Elvida. Dette inneber at 36 prosent hadde Elvida som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg