Elvira

Elvira er eit omdiskutert spansk kvinnenamn. Det kjem kanskje frå visigotisk Guil-vira, men det er usikkert kva desse ledda tyder.

Personar med namnet Elvira

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore «syerske» Elvira Dahlbak fødd 1842 i Loppa (Finnmark), busett i Bodø i 1900.

Kulturell bruk

  • Donna Elvira i Mozarts opera «Don Giovanni» (1787).
  • Den tragiske skillingsvisa om kjærleiksforholdet mellom sirkusartisten Elvira Madigan og offiseren Sixten Sparre (1854–1889) ligg til grunn for den svenske filmen «Elvira Madigan» (1967). Her ligg det forresten føre ei slags kopling mellom Mozarts Elvira og Elvira i filmen i og med at pianokonsert nr. 21 av Mozart er den sentrale musikken i filmen.

Kjende personar med namnet Elvira

Eit utval personar med namnet Elvira, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1000 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Elvira som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Elvira i perioden 1900–2017, var det 74 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Elvira. Dette inneber at 26 prosent hadde Elvira som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg