Edevard

Artikkelstart

Edevard kjem av eit toledda engelsk mannsnamn: Ed-ward. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘rikdom’ og etterleddet ‘vaktar’.

Norrøn form av dette innlånte namnet var Játvarðr.

Namnet har fleire variantar: Edward, Edvard, Edevard, Edvardt, Eduard, Edvart, Edvar.

Kulturell bruk

  • Edevart i Knut Hamsuns «Landstrykere» (1927) og «August» (1930). Her er altså varianten Edevart brukt.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Edevard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg