Dirdalen er ein dal i Gjesdal kommune i Rogaland. Dalen er rundt ti kilometer lang, frå Høgsfjorden i Ryfylke søraustover til Byrkjedal. Dalen har 683 innbyggjarar inkludert Byrkjedal (2017). Øvstabødalen held fram nordaustover frå Byrkjedal til fylkesgrensa mot Agder. Nedst i dalen ligg Dirdal kyrkje, ei lita langkyrkje i tre frå 1903.

Dei nedste rundt seks kilometrane av Dirdalen er brei, flat og forholdsvis tettbygd, medan den øvre delen av dalen er trong og meir sparsamt busett. Rundt Byrkjedal er busetjinga igjen tettare.

Gjennom Dirdalen går fylkesveg 45 frå E39 på Ålgård til Øvre Sirdal. Fylkesveg 45 fører vidare til Austlandet over Suleskard, men vegen er førebels ikkje klassifisert som fylkesveg mellom Sirdal og Setesdal, og han er også vinterstengd. Vegen blir mellom anna brukt til sauetransport mellom Dalane og Jæren og heibeita i Sirdalen og Setesdal i Agder.

I Byrkjedal ligg turistbedrifta Byrkjedalstunet, eit gammalt ysteri som er omgjort til lysstøyperi og serveringsstad.

Namnet kjem av norrønt Digradal, 'den digre dalen'.

Kart

Dirdalen
Dirdalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg