DART - plansje av oppdrag
Grafikken viser konseptet for DART, og målet for kollisjonen.
Av .
Lisens: NASA
Dimorphos sett frå romsonden DART 2 sekund før treff
Dette er det siste heile bildet romsonden DART sende før den traff Dimorphos. Heile biletet viser eit utsnitt på ca 30 meter, og er teke frå ei avstand på ca 12 kilometer, 2 sekund før treff.
Av .
Lisens: NASA

DART (Double Asteroid Redirection Test) er namnet på eit NASA-oppdrag for å prøve ut kor mykje ein kan få til å endre bana til ein asteriode ved å sende ein romsonde på kollisjonskurs og dermed kollidere med asteroiden.

Faktaboks

Også kjend som

Double Asteroid Redirection Test

Dette er ein av fleire moglege metodar som kanskje kan brukast for å unngå at livet på jorda vert trua av etterverknadane av asteroidekollisjonar. Asteroidar som kan true jorda vert kalla «near earth objects» (NEO). DART vart sendt opp 24. november 2021 frå Vandenberg i California, med ein SpaceX Falcon-9 rakett. Rundt ti månadar seinare, den 25. september 2022 kom DART fram til asteroiden Dimorphos. Dette objektet er «månen» til den litt større asteroiden Didymos.

Målet

Dimorphos er eit objekt med låg tettleik, og er rundt 170 meter i diameter. Dette asteroidesystemet går ikkje i ei bane som er farleg for jorda, og dermed eit trygt mål for ein slik test. Berre nokre få veker etter kollisjonen kunngjorde NASA at dei observerte at omløpstida til Dimorphos var korta ned med rundt 32 minutt. Dermed ser ut til at testen var vellukka. Før DART råka asteroiden, rakk den å sende tilbake fleire bilde, mellom anna berre eit par sekund før treff.

Vidare arbeid

Etterverknad frå kollisjon sett frå LICIACube
Bildet er teke av LICIACube rett før næraste passering av Dimorphos, og viser mellom anna skya med støv som oppstod etter at DART traff Dimorphos den 26. september 2022.

Oppdraget består av fleire faser og element, og det var mellom anna med ein CubeSat – LICIACube. Denne italienske satellitten har mellom anna med eit kamera som observerte effekta av kollisjonen. Støvskya som oppstod vart mellom anna også observert med romteleskopa Hubble og James Webb (JWST), i tillegg til jordbaserte observatorie.

Seinare vil ESA-oppdraget HERA, med planlagt oppskyting i oktober 2024, undersøke både effektane frå kollisjonen og sjå nærmare på strukturen til asteroide-paret.

Internasjonalt samarbeid

DART vart gjennomført som eit samarbeid med mange partnerar, der hovudaktørane er NASA og Johns Hopkins Applied Physics Laboratory (APL). NASA har ein organisasjon for nettopp «planet-forsvar», kalla Planetary Defense Coordination Office som var med å finansiere dette. I tillegg var den japanske romfartsorganisasjonen JAXA, ESA og den italienske romfartsorganisasjonen ASI (som leverte LICIACube) sentrale samarbeidspartnerar for DART eller for etterfylgjande oppdrag for å kartlegge effektane av kollisjonen, mellomanna med oppdraget HERA.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg