Celin er eit kvinnenamn som kan tolkast som norsk stavemåte av det franske Céline.

I fransk uttale av Céline høyrest ikkje [-e] i utlyd, og dette har gitt seg utslag i den norske stavemåten Celin utan [e].

Namnet har fleire variantar: Celin, Celine, Selin.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 180 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Celin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg