Faktaboks

Baoji

宝鸡市

Baoji er ein by i Shaanxi-provinsen i Kina, ved Wei-elva, lengst vest i Guanzhongbassenget, 175 kilometer vest for provinshovudstaden Xi'an. Byen har 1 409 000 innbyggjarar (FN, 2021) og er eit viktig handels- og samferdselssenter ved jernbanen til Lanzhou og Chengdu.

Industrien i Baoji omfattar produksjon av bomullsstoff, metall, maskinar for oljeboring, jernbaneutstyr, elektriske artiklar og kjemikaliar.

Baoji har rike mineralressursar som bly, kopar, sink og gull, og ligg i eit fruktbart jordbruksområde der det blir dyrka kveite, mais, raps, tobakk og jute.

Baoji er tilknytta både motorvegnett og hurtigtognett.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg