Asny er eit kvinnenamn som er ein variant av Åsny med opphav i norrønt Ás-ný. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘ny’.

Namnet har fleire variantar: Asny, Åsne, Aasne, Åsny.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Asny Styren fødd 1888 i Kristiania. Foreldra Inga og Martin Styren (kasserar i Christiania Glasmagasin) gav barna nordiske namn, og to av dei, Asny og Øyvor, vart fyrst tatt i bruk i denne familien.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Asny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg