Anne Brontë

Faktaboks

Anne Brontë
pseudonym Acton Bell
Født
17. januar 1820, Bradford
Død
28. mai 1849, Scarborough
Av .

Anne Brontë var ein engelsk forfattar av romanar og dikt midt på 1800-talet. Ho var yngste søster av Charlotte og Emily Brontë, som saman er kjende som Brontë-søstrene.

Anne vaks opp på ein avsides, landsens prestegard i Yorkshire, i ein søskenflokk på seks der to døde som barn og dei fire andre som unge vaksne. Til slutt var det berre faren att. Anne sjølv døde som 29-åring, og fekk difor ei svært kort karriere som forfattar.

Barndom og utdanning

Anne mista mora alt som eittåring, og fekk i staden eit nært tilhøve til tanta som oppdrog henne. Ho og søstera Emily vaks opp nesten som tvillingar, med eit par års aldersforskjell. Det vart ganske lite skulegang på søstrene, berre nokre få år på kostskular, medan det aller meste av utdanninga blei gitt heime, med faren som lærar. Familien hadde god tilgang på bøker og las både gamle klassikarar og nye tidsskrift, og den store leselysta utvikla seg vidare til skrivelyst hos alle borna.

Guvernante

Etter å ha gått to år på skulen Roe Head medan søstera Charlotte underviste der, måtte Anne livnære seg sjølv, og det betydde å bli guvernante. Ingen av søstrene trivdest med dette, men Anne klarte å tilpasse seg og vart etterkvart høgt elska av borna ho hadde ansvar for. Ho arbeidde i to ulike familiar frå ho var nitten til ho var tjueseks. Men vanskane ho opplevde i den første familien var så store at romanen Agnes Grey handlar om denne erfaringa.

Kjærleiksdikt

Av .

Ingen veit lenger kva som var reelt og kva som var draum, men det verkar som Anne skreiv kjærleiksdikt som var retta mot den unge William Weightman medan han arbeidde som kapellan hos faren. Diverre døydde William alt i 1842, og Anne skreiv eit sørge-dikt om 'the lovely one'.

Fantasiar og romanar

Alle søstrene skapte seg litterære fantasi-univers som barn. Anne og Emily hadde si eiga fiktive verd som heitte Gondal, som dei lagde mange fortellingar om. Som vaksne gav dei tre søstrene først ut ei diktsamling saman, der dei bidrog med omlag tjue dikt kvar. Anne gav i tillegg ut nokre av dikta sine i ulike tidsskrift. Diktsamlinga var absolutt ingen salssuksess, men det vart derimot nokre av romanane som følgde.

I 1847 kom alle søstrene med kvar si bok. Agnes Grey, Anne sin roman, vart godt mottatt av lesarar og kritikarar, sjølv om han kom litt i skuggen av Emily sin Wuthering Heights, sidan desse to vart selt saman i ei trebinds-utgåve. Men alt året etter var Anne klar med den neste, The Tenant of Wildfell Hall (leigebuaren på Wildfell Hall), Denne vart ein braksuksess, og fort utseld frå forlaget.

Sjokkerande suksess

Det kan hende at boka selde godt på grunn av den uvanlege tematikken og handlinga: alkoholisme og ekteskapsproblem. Dette var langt ifrå glansbildet av den viktorianske familien, og Anne Brontë måtte også tåle innvendingar mot den mørke realismen i boka. Nokre meinte forfattaren var grov og brutal. Men ho forsvarte seg i forordet til andre utgåve same år:

Eg ønska å fortelle sanninga .... og det krev mot å dykke etter den .... gjennom gjørme og vatn. ... når vi møter laster og vonde menneske meiner eg framleis det er betre å vise dei som dei verkeleg er ... Å lesar! hadde der berre vore mindre av all denne forfina tildekkinga av fakta ...

Anne har ei sterk forfattarstemme og ein klar ambisjon, ho skriv ikkje berre for å underhalde, men insisterar på at ho vil skrive sanninga, same kor usmakeleg det er for nokre lesarar.

Ein av kritikarane hennar var diverre søstera Charlotte, som seinare gav uttrykk for at Anne var ein altfor mild og uerfaren person til å vite noko om slike fæle ting, og at boka var eit «mistak». Då forlaget i 1850 ønskte å gje ut endå ein nytt opplag etter at dei første var rivne vekk, sa Charlotte nei. Ho ville tydelegvis ikkje at The Tenant of Wildfell Hall skulle leve vidare som ein del av Brontë-arven.

Søstrene er ulike

Fra venstre: Anne, Emily og Charlotte. Maleri fra cirka 1834.

Sidan dei levde tilsynelatande like liv, og skreiv og publiserte på same tid, er det lett å oversjå at dei tre søstrene var ganske ulike. Sannsynlegvis var dei ulike av temperament, men i alle fall skreiv dei ulike bøker, og hadde ulik litterær stil og dels også ulik tematikk. Anne er den mest realistiske av dei. Det hender ho blir samanlikna med Jane Austen både av denne grunnen og fordi dei begge skriv utleverande om eige samfunn, og begge heldt seg langt unna romansar og gotiske fortellingar.

Både Emily og Charlotte hadde meir av dei romantiske draga i bøkene sine.

Mannlege pseudonym

Ein lesar ba om autografane til diktarane i 1846.
Signaturar
Av .

Dei tre Brontë-søstrene gav aldri ut noko i eigne namn, og pseudonyma dei valde var oppfatta som klart mannlege. Acton Bell verkar å vere inspirert av kapellanen Arthur Bell Nicholls, som arbeidde for faren deira i desse åra. Han gifta seg fleire år seinare med Charlotte.

Søstrene gav uttrykk for at dei mannlege maskene skulle verne dei frå negative haldningar til kvinneleg forfattarar, og kanskje sikre dei fleire lesarar og meir seriøs handsaming av kritikarar. Nokre år seinare valde Mary Ann Evans same strategi, og er framleis berre kjent som George Eliot.

Anne Brontë svarar på spekulasjonane om forfattaren sitt kjønn slik:

Om ei bok er god, er ho det same kva kjønn forfattaren har. Alle romanar er, eller burde vere, skrivne for både mannlege og kvinnelege lesarar, og eg skjønar ikkje i det heile korleis ein mann skal kunne tillate seg å skrive noko som er nedverdigande for kvinner, eller kvifor ei kvinne blir fordømt for å skrive noko som blir sett på som passande og bra for ein mann.

Feministiske pionerar

The Tenant of Wildfell Hall blir sett på som ein tidleg feministisk roman, og kom nokre få år før norske Camilla Collett skreiv Amtmandens Døtre (1854–55), som også handla om kvinnekår i det borgarlege ekteskapet. I Sverige skreiv Fredrika Bremer om kvinnene sin rett til utdanning i romanen Hertha (1856) og i Danmark handla Mathilde Fibiger sin roman Clara Raphael (1851) om ei guvernante som blir opptatt av kampen for kvinnefrigjering.

Dei to romanane

Agnes Grey

Agnes Grey mislukkast som guvernante for ustyrlege og udisiplinerte rikmannsborn, og endar med å få sparken. Som med den neste romanen, vart forfattaren nokre gonger kritisert for å overdrive denne skildringa, men hevda at alt var bygd på fakta. Forfattaren mista sjølv den første guvernantejobben på godset Blake Hall av slike grunnar, og klassemotsetnaden i romanen er bitter.

The Tenant of Wildfell Hall

Romanen er fortald av den unge bonden Gilbert Markham som blir nysgjerrig på den mystiske, nye naboen ingen kjenner. Helen Graham har ein liten son, og prøver å livnære seg som kunstmalar. Det viser seg at ho slett ikkje er enke, men har rømt frå eit vanskeleg ekteskap med ein fordrukken overklassemann.

Det er ikkje tilfeldig at Anne Brontë skreiv denne romanen om ein mann som plagar familien med fyll og utruskap på akkurat same tid som hennar eigen bror døde av ein kombinasjon av alkoholisme, narkomani og turberkulose. Broren Branwell fekk avskjed i unåde frå jobben som huslærar på Thorpe Green Hall, der Anne alt hadde vore guvernante i fleire år. Mannen i huset mistenkte han visst for å ha eit forhold til kona, Mrs Robinson. Seksuelle sidesprang og ekteskapelege audmjukingar er det nok av også i The Tenant of Wildfell Hall.

På norsk

Anne er den av Brontë-søstrene som ser ut til å ha blitt minst lest i Norge. Det finns berre ei einaste omsetting til norsk, og ho er av ny dato. Kvinnen på Wildfell Hall er omsett av Peter Fjågesund og utgitt av Bokvennen i 2016. Kanskje er det eit teikn på ny interesse for forfattarskapen.

Filmtolkingar

BBC serien frå 1996
Lisens: CC BY SA 3.0

Det har ikkje vore laga spelefilmar av Anne Brontë sine romanar, og Agnes Grey er heller ikkje blitt tolka i fjernynsversjon. Men The Tenant of Wildfell Hall har kome som to forskjellege miniseriar. Den første var sendt i fire episodar vinteren 1968-69, laga av Peter Sasdy og med manuskript av Cristopher Fry. Tre tiår seinare kom 1996-adaptasjonen, laga av Mike Barker og med manus av David Nokes. Denne versjonen er framleis svært sjåverdig og med gode rolletolkingar ved Toby Stephens og Tara Fitzgerald. Toby Stephens har spelt den mannlege hovudrolla både i The Tenant of Wildfell Hall (1996) og i Jane Eyre (2006).

200 år

Av fleire grunnar har Anne Brontë sin forfattarskap blitt mindre brukt og mindre feira enn dei to søstrene hennar, trass i at bøkene hennar er minst like gode som deira. I 2020 er det 200 år sidan ho vart fødd, og lesarar og sjåarar kan berre ønske seg nye utgjevingar og filmar ved det høvet.

Romanar og dikt

  • Poems by Currer, Ellis and Acton Bell (1846)
  • Agnes Grey (1847)
  • The Tenant of Wildfell Hall (1848)

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg