Brontë-søstrene

Faktaboks

Brontë-søstrene
Uttale
'brånti

Frå venstre: Anne, Emily og Charlotte Brontë, malt av broren Branwell Brontë i 1834. Branwell var den einaste broren i søskenflokken. Han ville bli diktar og malar, men endte som alkoholiker og narkoman, og døydde som 31 åring. Omlag det einaste av verdi Branwell Brontë etterlet seg var dette maleriet av søstrene sine. Opphavleg var han den fjerde figuren på bildet, men han malte over seg sjølv før bildet kom på trykk.

/National Portrait Gallery, London.

Brontë-søstrene var tre engelske søstrer, Charlotte, Emily og Anne Brontë, som skreiv romanar og dikt på 1840- og 50-talet, med stor suksess både då og i ettertida. Dei gav først ut ei diktsamling i lag under pseudonyma Currer, Ellis og Acton Bell, og i åra etter kvar sine romanar.

Det er uvanleg at tre søstrer gjev ut kvar sin roman same år, som dei gjorde i 1847, og ikkje minst at desse romanane framleis har status som viktige verk i litteraturhistoria. Charlottes Jane Eyre vart fort ein bestselgar. Annes Agnes Grey og Emilys Wuthering Heights vart også godt mottekne, men den siste vart rekna som rar og valdsam. Medan dei to første var skrivne som fiktive sjølvbiografiar av guvernanter, var den siste ei slåande samansetning av forteljestemmer, ein mann og ei kvinne. Nokre meinte romanen var maskulin i form og uttrykk, og enkelte har hevda at den må ha vore skriven av broren Branwell. Charlotte insisterte på at det var Emily sin roman, og det heile er helst eit uttrykk for manglande tiltru til kvinnelege evner.

I åra etterpå gav Anne ut The Tenant of Wildfell Hall (1848), ein feministisk roman om konemishandling og alkoholisme, og Charlotte skreiv Shirley (1849), Villette (1853) og The Professor (1857). Meir rakk dei ikkje, for alle tre døde tidleg, Emily i 1848, Anne i 1849, Charlotte i 1855.

Søstrene sine liv og verk har også vore framstilt på film og fjernsyn, til dømes i den franske filmen Les Soers Brontë av André Téchiné (1979), og i nyare tid i BBC-dramaet To Walk Invisible (2016). Den handlar om tida rundt dei første bokutgjevingane, og Charlottes og Annes reise til London for å avsløre kven som gøymde seg bak dei mannlege pseudonyma. Det vart eit sjokk for forleggarar og lesarar å møte landsens prestedøtrer der dei venta seg viktige menn. Men Charlotte fekk som sistlevande søster ein respektert posisjon i den litterære verda og besøkte London fleire gonger.

Dei tre søstrene var eigentleg halvparten av ein søskenflokk på seks, men dei to eldste søstrene, Maria og Elizabeth, døde i tiårsalderen. Den einaste broren i flokken var Branwell Brontë.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alexander, Christine & Margaret Smith, red.: The Oxford Companion to the Brontës, 2003, isbn 0-19-866218-1, Finn boken
  • Barker, Juliet R.V.: The Brontës, 1994, isbn 0-297-81290-4, Finn boken
  • Bentley, Phyllis: The Brontës and their world, 1969, Finn boken
  • Ingham, Patricia, The Brontës, Routledge, 2014.
  • Lewis, Alexandra, The Brontës and the Idea of the Human, Cambridge University Press, 2019
  • Undset, Sigrid, 'Tre søstre', Samtiden, 1917.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg