Tittelbladet av første utgåve
Emily Brontë gav ut boka Stormfulle høyder i 1847 under pseudonymet Ellis Bell.
Wuthering Heights 1939
Laurence Olivier og Merle Oberon i hovudrollene
Filmplakat 1920

Stormfulle høyder er ein roman frå 1847 av Emily Brontë.

Faktaboks

Også kjend som

engelsk originaltittel Wuthering Heights

Forfattar
1660

Romanen handlar om det skiftande og dramatiske tilhøvet mellom outsideren Heathcliff og Catherine Earnshaw, og familiane rundt dei. Boka har sterke gotiske drag og er ein kjærleiksroman som handlar like mykje om hat og sjalusi.

Den dramatiske fortellinga har hatt stor appell sidan ho kom ut, og er blitt omsett til norsk fem gonger. Det har blitt laga svært mange filmatiseringar for fjernsyn og kino sidan ein tidleg stumfilm i 1920.

«Wuthering Heights» er også tittelen på ein song av Kate Bush, og som ho hadde stor suksess med i 1978.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg