Anders Reitan var lærar, folkeopplysar, diktar og stortingsrepresentant. Han var mykje inspirert av Grundtvig, og sjølv inspirerte han mange norske skulefolk.
Anders Reitan
Faktaboks
- Fødd
- 26. juli 1826, Holtålen, Trøndelag
- Død
- 30. august 1872, Oslo
- Verke
- Skolemann, folkeopplysningspioner, forfatter og politiker
- Familie
-
Foreldre: Stiger og gårdbruker Jørgen Pedersen Rugelsjøen (senere Reitan) (1784–1863) og gårdbruker Kari Jonsdatter Kurås (1786–1860).
Gift 31.8.1851 med Margrete Taraldsdatter Gjerde (29.5.1829–25.10.1918), datter av gårdbrukere Tarald Johnsen Åsen (senere Gjerde) (1802–71) og Berit Olsdatter Nordaune (1801–88).
Farbror til Jørgen Reitan (1871–1944).
Bakgrunn
Reitan fekk som mange andre gåverike bondegutar på 1800-talet ei toårig lærarutdanning. I 1848 vart han uteksaminert frå Klæbu seminar og underviste deretter nokre år i Tolga og i Horg. Frå 1853 var han lærar og kyrkjesongar i Kvikne.
Pedagogisk tankegrunnlag
Pedagogisk meinte Reitan at skulen måtte ha nærkontakt med heimane og ta utgangspunkt i det som var kjent og kjært for borna. Han delte tankane sine gjennom talar og foredrag, og han skreiv mykje, ikkje minst i tidsskrifta Folkevennen og Den norske Folkeskole.
Spelemann og diktar
Anders Reitan samla også folkemusikk, og han var ein dugande spelemann. Saman med broren Jon skipa han i 1870 ein folkehøgskule i heimbygda.
Anders Reitan gav ut diktsamlinga Fjeld-Ljom i 1866, og L.M. Lindemann laga tonar til fleire av tekstane. Reitan dikta både på det tradisjonelle (danske) skriftspråket, på norsk landsmål og på dialekt. Allereie i 1858 sette han Luthers vesle katekisme om til bygdemålet sitt, men etter råd frå Ivar Aasen vart ho ikkje prenta.
Stortingsrepresentant
Frå 1871 var Reitan vald til Stortinget, men måtte sjukepermitterast store delar av både det første og det andre året. Over grava på Vår Frelsers gravlund reiste lærarar og andre vener eit minnesmerke i 1888.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.