Faktaboks

Alice Schwarzer
Fødd
3. desember 1942, Wuppertal
Alice Schwarzer
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Alice Schwarzer, tysk feminist, journalist og forfattar. Ho er ein av dei aller mest kjende kvinnesakskvinnene i Tyskland.

Bakgrunn

Alice Schwarzers foreldre var ikkje gifte. Ho voks opp hos besteforeldra i Wuppertal i delstaten Nordrhein-Westfalen. Ho studerte i fransk, psykologi og sosiologi i Frankrike, mellom anna under Michel Foucault.

Aktivisme

På 1970-talet jobba ho som frilansjournalist i Paris. På denne tida kom ho inn i krinsen rundt Simone de Beauvoir og Jean-Paul Sartre. Ho var også med på å grunnleggje Mouvement pour la libération des femmes (MLF), ein av dei aller første organisasjonane i den franske kvinnerørsla på 1970-talet. Kravet om fri abort var blant dei fremste kampsakene for MLF. Schwarzer eksporterte kampanjen til Tyskland under mottoet «Frauen gegen den § 218» («kvinner mot § 218»). § 218 i straffelova var den lovparagrafen som forbaud abort. Kampanjen fekk massiv merksemd etter at nyhendemagasinet Stern 6. juni 1971 laga eit oppslag der 374 tyske kvinner, med fullt namn og bilete fortalde at dei hadde teke abort. På 1980-talet sto ho bak kampanjen PorNo, som hadde som mål å forby pornografi i Tyskland. Kampanjen fekk svært mykje merksemd, men ingen konsekvensar for tysk lovgjeving.

Forfattar og journalist

Boka Der kleine Unterschied und seine großen Folgen («Den lille forskjellen og dens store konsekvensar») frå 1975 er Schwarzers mest kjende verk. Den er omsett til 11 språk og er rekna som eit av høgdepunkta innanfor den tyske 1970-talsfeminismen. I 1977 gav ho ut første eksemplar av det feministiske bladet Emma. På 1990-talet hadde ho sitt eige tv-program på kanalen Hessischer Rundfunk.

I seinare år

Schwarzer er framleis redaktør og ansvarleg utgjevar for Emma. På 2000-talet har ho arbeidd for å forby prostitusjon. Ho har også engasjert seg sterkt i diskusjonen om kvinner og islam. Her har ho vore krass i sin kritikk av kvinners posisjon i muslimske miljø. Ho uttrykt frykt for kva konsekvensar stor muslimsk innvandring til Europa vil få for kvinners rettar. Schwarzer har også teke til orde for å forby bruk av hijab for muslimske kvinner som underviser i tysk skole.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg