Aldis er eit kvinnenamn som er kjent frå 1879. Det kan vere eit nylaga namn: Al-dis, med Al- frå til dømes Albertine og -dis frå Tordis.

Norrønt hadde namnet Aldís av Alf-dís. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘alv (underjordisk vesen)’ og etterleddet ‘dis; kvinne’, men det er usikkert om det er dette norrøne namnet som er tatt opp att i 1879.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Aldis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg