Aigin er eit samisk mannsnamn som truleg går tilbake til eit tilnamn laga av áigi som tyder ‘tid’. Det opphavlege tilnamnet Aigin kan då ha tydd ‘somlete, som bruker lang tid’.

Slektsnamnet Aikio (norsk form av namnet) er relatert til Aigin.

Kulturell bruk

  • Aigin er den unge hovudpersonen i den samiske filmen «Veiviseren» (1987) regissert av Nils Gaup, innstilt til Oscar i 1988.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Aigin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg