У (majuskel), у (minuskel) er ein bokstav i det kyrilliske alfabetet.

Faktaboks

Også kjend som

u

Dei kursive formene er У, у.

Minuskel у er grafisk identisk med den latinske bokstaven minuskel y. Majuskel У er i praksisk ein oppskalert versjon av у og liknar på den latinske bokstaven majuskel Y og den greske bokstaven majuskel Υ, men stamma er diagonal i staden for loddrett.

У, у vert transkribert som u i norsk og dei fleste andre språka skrivne med det latinske alfabetet, men som ou i fransk. У, у har om lag den same lydverdien [u] som norsk o i god eller u i lukk.

Denne lyden vart tidlegare skriven med digrafen Ѹ, ѹ eller med ligaturen Ꙋ, ꙋ, etter mønster frå den greske digrafen ου (omikron+upsilon) som òg stod for ein u-lyd. Seinare vart digrafen forenkla til bokstaven у.

Rekkjefylgda i ulike kyrilliske alfabet:

språk rekkjefylgd
belarusisk 21.
bulgarsk 20.
makedonsk 25.
russisk 21.
serbisk 24.
ukrainsk 24.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg