Frå 8.-9. november 1923 prøvde nasjonalsosialistar frå NSDAP, under leiing av Adolf Hitler og den tidlegare generalen og krigshelten Erich Ludendorff å overta regjeringsmakta i den tyske delstaten Bayern.

Den fransk-belgiske okkupasjonen av det demilitariserte Ruhr-området, som var ein del av Versailles-traktaten, fredsavtalen etter den første verdskrigen, skapte sterke protestar over heile Tyskland, men ingen stad var protestane så sterke som i Bayern. Der meinte mange at regjeringa i Berlin var for veik overfor okkupantane. Hitler og NSDAP prøvde å utnytte misnøya til å presse den bayerske delstatsregjeringa til å vende seg mot regjeringa i Berlin. Målet hans var å overtale den bayerske delstatsregjeringa til å marsjere mot Berlin, inspirert av dei italienske fascistanes marsj mot Roma. Den bayerske delstatsregjeringa ville ikkje bli med på planane.

Forsøket på maktovertaking starta på eit møte for ulike nasjonalistiske grupperingar i ølkjellaren Bürgerbräukeller om kvelden den 8. november 1923. Vel ein halv time etter at møtet byrja, sørga Hitler for å skaffe seg merksemd frå publikum gjennom å avfyre eit pistolskot.

Deretter erklærte han at NSDAP si paramilitære grein, SA, hadde omringa lokalet, og at den "nasjonale revolusjonen" no var i gang. Om morgonen 9. november marsjerte Hitler og støttespelarane hans mot det bayerske krigsministeriet. På veg dit vart dei stoppa og arresterte av det bayerske politiet. I tumultane som oppstod vart fire politifolk, éin tilfeldig forbipasserande og 16 kuppmakarar drepne. 

Kuppforsøket førte til forsoning mellom den bayerske delstatsregjeringa og sentralmakta i Berlin. Partiet NSDAP vart forbode. Våren 1924 vart Hitler stilt for retten. Rettsprosessen var sterkt politisert, både frå dei tiltalte og frå dommarkollegiet si side. Hitler brukte rettssalen til å fremje sitt politiske syn i så sterk grad at den samtidige pressa omtalte rettssaka som Hitler-prosessen. Hitler vart dømd til fem år i fengsel. Ettersom han var austerriksk statsborgar, og ikkje tysk, skulle han etter dågjeldande lov ha blitt utvist etter at straffa var ferdig sona. Det skjedde ikkje. Etter at han  hadde sona ni månader i fengsel i Landsberg, vart han sett fri på grunn av "god oppførsel".  Under fengselsopphaldet skreiv Hitler store delar av sitt politiske manifest, Mein Kampf.

Sjølv om kuppforsøket var mislykka, vart det likevel til ei vinnarsak for Hitler og NSDAP. Kuppforsøket og den påfølgjande rettssaka gjorde både Hitler og partiet hans landskjende. Nasjonalsosialistane sjølv mytologiserte kuppforsøktet som eit ærefylt nederlag, og framstilte dei 16 partimedlemene som vart drepne under kuppforsøket som martyrar som gav sitt liv for saka. I 1939 gjorde Hitler 9. november til nasjonal fridag for å ære kuppforsøket og dei døde partimedlemene. Fleire av dei som seinare gjorde karriere i Hitlers maktapparat deltok i kuppforsøket. Dette galdt både Hermann GöringAlfred Rosenberg og Rudolf Hess

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.