Diakoni er sosialt arbeid som blir drive av kyrkjesamfunn eller religiøse organisasjonar.

Faktaboks

Uttale
diakonˈi
Etymologi
av gresk ‘teneste’

Ifølgje Det nye testamentet bruker Jesus omgrepet diakonos («tenar») om seg sjølv. Det blir også fortalt om at den første kyrkjelyden (meinigheita) valde ut dei første diakonane som skulle ta seg av alt hjelpearbeidet i kyrkjelyden og også vera sjelesørgjarar. Stefanus, den første kristne martyren, var den mest kjende av desse.

Diakonien har vore ein del av historia til kristendommen, meir eller mindre synleg, mellom anna i klosterverksemda.

I den evangelisk-lutherske kyrkja

Moderne diakoni i dei evangeliske-lutherske kyrkjene starta i første halvdelen av 1800-talet i Tyskland. Diakoni blei driven både av kvinner og menn. Theodor Fliedner tok opp den kvinnelege diakonien, Johann H. Wichern den mannlege.

Til Noreg kom den moderne diakonien i 1868 ved Cathinka Guldberg, som dimed også grunnla den moderne sjukepleia i landet vårt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg