Ein tesaurus er eit indekseringsspråk brukt innanfor bibliotek- og informasjonsfag for å beskriva emne i dokument. Emna vert uttrykt gjennom termar henta frå naturleg språk. Termar og relasjonar mellom termane kan også vera til hjelp for den som skal søka i ein database med dokument beskrive med tesaurusen. Det kan skje gjennom lenker og ulike måtar å lista opp eller visualisera tesaurusen på.

Innhald og struktur

Tesauri består av termar og relasjonar mellom desse. I ein tradisjonell tesaurus er det dei tre hovudtypane relasjonar, hierarkisk relasjon, sideordna relasjon og ekvivalensrelasjon som vert uttrykt gjennom eigne kodar:

  • OT – overordna term, uttrykker hierarkisk relasjon
  • UT – underordna term, uttrykker hierarkisk relasjon
  • ST – sideordna term, uttrykker sideordna relasjon
  • BRUK, uttrykker ekvivalensrelasjon
  • BF – Brukt for, uttrykker ekvivalensrelasjon

Tradisjonelt vart innhaldet i tesauri presentert alfabetisk eller systematisk. I dag er det vanleg å bruka SKOS (Simple Knowledge Organization System) eller andre dataformat.

Tesauri kan vera eitt- eller fleirspråklege. Tradisjonelle tesauri følgjer ei standardisert form gjeve i ISO 25964. Andre tesauri kan avvika frå standarden og til dømes inkludera fleire relasjonstypar. Tesaurusen vil då bli meir lik ein ontologi.

Konstruksjon

Fasettanalyse er ein viktig metode når ein skal laga tesauri. Denne metoden vart først etablert for konstruksjon av fasettert klassifikasjon. Ein viktig forskjell mellom tesauri og fasetterte klassifikasjonskjema (og andre klassifikasjonsskjema) er at tesaurusen ikkje vert brukt for å ordna ei fysisk dokumentsamling.

Døme på tesaurusinnførsel, det vil sei term (Bartre) med relasjonar:

Bartre

  • BF Nåletre
  • OT Tre
  • UT Lerk
  • UT Furu
  • UT Gran

Alle termane Bartre har ein relasjon til, vil også ha eigne innførslar i tesaurusen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Broughton, V. (2006). Essential thesaurus construction. London: Facet.
  • Clarke, S.G.D. (2017). Thesaurus (for information retrieval) I ISKO Encyclopedia of Knowledge Organization. Henta frå http://www.isko.org/cyclo/thesaurus

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg