kunnskapsorganisasjon

Kunnskapsorganisasjon er eit forskings- og praksisfelt knytt til bibliotek- og informasjonsfag. Kunnskapsorganisasjon handlar om å organisera og gjenfinna dokument gjennom beskriving, lagring og anna handtering. Dette inkluderer også representantar for dokument, som katalogpostar i ein bibliotekkatalog, og til dømes databasar der metadata og dokument vert samla og tilgjengeleg for søk.

Formålet er å laga system som tilrettelegg for god gjenfinning, at det skal vera enkelt å finna relevante dokument gjennom søk. Dokumenta kan vera i ulike format, men kunnskapsorganisasjon har lengst tradisjon knytt til tekstbaserte dokument på papir og i elektronisk form.

Kunnskapsorganisasjon har ein sterk relasjon til informasjonsgjenfinning.

Utvikling og metodar

Den norske termen kunnskapsorganisasjon er ei direkte omsetjing frå engelsk, knowledge organization.

Organisering av kunnskap vert tradisjonelt gjort gjennom ei rekke praktiske og i dei fleste tilfelle manuelle handlingar. Dokument vert katalogisert og klassifisert, dei får emneord, kanskje referat eller samandrag, og andre metadata knytt til seg. Metadata vert samla i bibliografiske beskrivelsar eller katalogpostar som representerer dokumentet i ein database eller katalog. I neste omgang kan ein så søka i desse representantane for å finna relevante dokument.

Fasettar og fasettanalyse kom etter kvart inn som ein modell for korleis kunnskap kan organiserast. Den indiske matematikaren og bibliotekaren Siyali Ramamrita Ranganathan (1892-1972) får ofte æra for å ha utvikla denne metoden, men også andre i samtida hans var inne på tilsvarande tankar.

Frå 1950-åra og framover er det også utvikla automatiske metodar for kunnskapsorganisasjon. Automatisk indeksering tek utgangspunkt i fulltekstdokument. Søkbare indeksar vert laga med hjelp av statistiske eller andre metodar, basert på teksten i dokumentet eller anna, til dømes lenker mellom dokument.

Verktøy og standardar

For at metadata skal bli gode og konsistente, er det utvikla ulike verktøy og standardar. Døme på dette er katalogiseringsreglar og indekseringsspråk. Det er også utvikla format for lagring av metadata, som NORMARC og SKOS.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg