dokument - arkiv

Eit dokument omfattar informasjon registrert på eit medium. Som regel er det snakk om tekst, lyd eller bilete i ei bok, på film, fil eller anna materiale. I praksis er eit dokument ei informasjonsberande eining som enkelt let seg handtera, fysisk eller digitalt, for eksempel gjennom registrering, lån, sal og anna bruk.

Typar dokument

Dokument kan delast inn etter mediet. Ein skil då i hovudsak mellom digitale og fysiske dokument, der det digitale dokumentet kan overførast digitalt, medan fysiske dokument må handterast som ein ting. Dokumenttypen kan vera styrande for innhaldet på mediet, og omvend. Ein film kan til dømes ikkje vera ei papirbok, då er den ikkje lenger ein film.

I ein del samanhengar er dokumentet ei eining det kan knytast metadata til, slik at dei kan registrerast i databasar. Det gjer at til dømes gjenstandar på eit museum vert rekna som dokument.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg