Stadnamnlova er ei norsk lov som har som formål å ta vare på stadnamn som kulturminne og å gi felles reglar for skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Stadnamnlova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Faktaboks

Fullt namn
lov om stadnamn
Kortnamn
stadnamnlova
Forkorting
stadnl.
Også kjend som

stedsnavnloven

Vedteken
18.5.1990
Tredd i kraft
1.7.1991
Sist endra
1.6.2021
Lovdata-ID
NL/lov/1990-05-18-11

Lova omfattar kven som kan reisa ei namnesak, og gir reglar for kva for eit offentleg organ som fastset skrivemåten i dei enkelte tilfella. Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter reglane i lova og vedtaket er meldt inn til Sentralt stadnamnregister (SSR) i Statens kartverk, skal alle offentlege organ bruke denne skrivemåten.

Kulturdepartementet utnemner stadnamnkonsulentar for norske og kvenske stadnamn. Sametinget utnemner stadnamnkonsulentar for samiske stadnamn. Stadnamntenesta skal gi rettleiing og komme med tilråding til vedtaksorganet ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn. Den norske og kvenske stadnamntenesta blir administrert av Språkrådet.

Stadnamnlova trådde i kraft 1. juli 1991, og har vært revidert fleire gonger.

Lovas innhald

Kapittel 1 tar for seg formålet som er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverkar til kjennskap til og aktiv bruk av namna. Lova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar. Lovas verkeområde er for offentleg organ som skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, og når stadnamn brukast av offentleg organ og i læremidlar for skolen.

Stadnamnlovas kapittel 2 inneheld definisjonar av stadnamn, gardsnamn, bruksnamn, nedervd stadnamn og lokal uttale og rettskrivingsprinsipp.

Kapittel 3 handlar om bruk av verna namn, og om å byta ut nedervde stadnamn.

Kapittel 4 omhandlar reglar for skrivemåten, som skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen og samstundes, med nokre unntak, følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. To eller fleire former av same namn kan fastsetjast som sidestilte former. I kapittel 5 er det særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn.

Kapittel 6 gjeld kven som kan setje i gang ei stadnamnsak, og kapittel 7 omhandlar kva for organ som kan velgje og vedta skrivemåten av namn.

Kapittel 8 er om kunngjering og høyring av namnesaker. Før eit vedtak gjerast, skal stadnamnetenesta gi tilråding (kapittel 9). Ei sak kan bli gjenopna (kapittel 10).

Kapittel 11 gjeld bruk av stadnamnet, også av samiske og kvenske stadnamn. Kapittel 12 er om høve til klage på namnevedtak.

I følge kapittel 13 er språkrådet stadnamntenesta for norske og kvenske stadnamn, og Sametinget for samiske stadnamn. Det skal førast eit sentralt stadnamnregister (kapittel 14). Departementet kan gi forskrifter og unntak frå reglane (kapittel 15). Kapittel 16 gjeld iverksetting av lova.

Historikk

Då stadnamnlova trådde i kraft 1. juli 1991, avløyste ho føresegnene om skrivemåten av stadnamn frå 1957.

Saksfeltet vart drøfta i Komiteen til å vurdere språksituasjonen i Norge m.v., også kalla Vogt-komiteen, som la fram si innstilling i 1966. Komiteen ville gjere endringar i gjeldande regelverk for fastsetting av skrivemåten av bruksnamn og for namnekonsulenttenesta, og mindretalet ønskte ei eiga lov om skrivemåten av stadnamn. Kyrkje- og undervisningsdepartementet konkluderte i Stortingsmelding nr. 15 1968–69 Om språksaka med at det var nødvendig å setje ned eit særskilt utval for å drøfte skrivemåten av stadnamn. Dette vart gjort i 1979, og utvalet la fram si utgreiing i NOU 1983:6 Stadnamn. Stortinget vedtok lov om stadnamn 18. mai 1990.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg