Sjølvregulært læring er i pedagogikken definert som ein aktiv og konstruktiv prosess der den som lærer set mål for eiga læring og prøvar å overvake, regulere og kontrollere eigen kognisjon, motivasjon og åtferd. Dette både rettleia og begrensa av måla og kontekstuelle forhold ved situasjonen (Pintrich, 2000). Målet med sjølvregulert læringer at elevane skal lære å ta ansvar for eige liv, arbeid og livslang læring.

Det å planlegge, gjennomføre og overvake eigen læring og vurdere sjølv i kva grad ein må endre noko for å nå målet sitt er sentralt innan sjølvregulering (Pintrich, 2002). Elevar som er sjølvregulerte arbeider naturleg med tilbakemeldingane dei får frå lærarane og motiverer seg gjennom dette til å gjennomføre og vurdere i kva grad dei når måla dei  har sett seg (Hopfenbeck, 2011; 2014). Vi snakkar gjerne om autonomi eller at elevane er i stand til å ta ansvar for eiga læring. Sjølvregulering må lærast og dette skal inngå som del av undervisninga.

Sjølvregulert læring er internasjonalt sett som eit sentralt mål for skulen (Creemers og Kyriakides, 2006). Ein ser det som sannsynleg at elevar som set seg læringsmål og tek kontroll over eiga læring oppnår gode resultat på skulen og utviklar livslang læring (Cleary, 2006).

Det er ulike teoretiske perspektiv på sjølvregulert læring (Olaussen, 2009). Samanhengen mellom sosiale faktorar og sjølvregulert læring vert tematisert både innanfor sjølvbestemmingsteori (Deci og Ryan, 2000), sosialkognitiv teori (Bandura, 1986) og sosiokulturelle perspektiv (Vygotsky, 1978).

  • Bandura, A (1986). Social foundations of thought and action: A social cognitive theory. Englewood Cliffs, NJ: Prentice-Hall.
  • Cleary, T. J. (2006). The development and validation of the Self-Regulation StrategyInventory-Self-Report. Journal of School Psychology, 44, 307–322.
  • Creemers, B.P. M. & Kyriakides, L. (2006). Critical analysis of the current approaches to modelling educational effectiveness: The importance of establishing a dynamic model. School Effectiveness and School Improvement, 17(3), 347–366.
  • Deci, E.L. & Ryan , R.M. (2000). The ‘what’ and ‘why’ of goal pursuits: Human needs and the self-determination of behaviour. Psychological Inquiry, 11, 227–268.
  • Hopfenbeck, T.N. (2011). Fostering Self-regulated Learners in a Community of Quality Assessment Practices. CADMO An International Journal of Educational Research, 1, 7 – 20.
  • Hopfenbeck, T.N. (2014) Strategier for læring - om selvregulering, vurdering og god undervisning. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Olaussen, Bodil S. (2009). Arbeidsplaner i skolen: En kontekst for utvikling av selv-regulert læring? – Refleksjoner etter en studie på småskoletrinnet. Norsk Pedagogisk Tidsskrift, 93 (3), 189–200.
  • Pintrich, P. R. (2000): The Role of Goal Orientation In Self-regulated Learning. I Monique Boekaerts, Paul R. Pintrich og Moshe Zeidner (red.): Handbook of Self-Regulation, Academic Press.
  • Pintrich, P. (2002). The Role of Metacognitive Knowledge in Learning, Teaching, and Assessing. Theory into Practice, 41(4), 219 – 225.
  • Vygotsky, L. S. (1978). Mind and society. Cambridge, MA: Harvard University Press.

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.