robinia - art

Robinia
Robiniatre av . CC BY 2.0

Robinia er eit tre i erteblomfamilien. Treet har nitrogenfikserande bakteriar i rotknollane, og er i Noreg svartelista i kategorien høg økologisk risiko (HI).

Faktaboks

Også kjent som

Robinia pseudoacacia

Skildring

Robinia
Blomeklase av robinia av . CC BY 2.0

Robinia er eit rasktveksande lauvfellande tre som kan bli opptil 25 meter høgt. Barken er tjukk med djupe furer. Treet har hengande blomeklasar med kvite til rosa blomar. Treet spreier seg med både frø og rotskot.

Utbreiing

Robinia er opphavleg nordamerikansk, og vart introdusert til Europa på 1600-talet.

Bruk

Robinia blir brukt som prydtre i hagar og i parkar. Trevirket er sterkt og hardt og vert mellom anna nytta i båtbygging. Somme delar av planta er giftige, særskilt barken.

Økologiske konsekvensar

Robinia veks raskt, og kan kjapt danne tette kratt og skogar. Dei nitrogenfikserande bakteriane i rotknollane aukar andelen nitrogen i jordsmonnet og kan endre opprinneleg nitrogenfattige lauvskogar til nitrogenrike. Dette vil på sikt føre til ei homogenisering av undervegetasjonen, frå eit artsrikt urte- og gras-sjikt, til storvokste nitrogenplanter, og vidare til eit komplett skifte av lauvtreartar i skogen. Robinia vil òg auke tilførsel av nitrogen til bekkar og vassig, og bidreg dermed til eutrofisering av nærliggande vassdrag.

Robinia står på verstinglista til DAISIE over dei 100 mest invaderande artane i Europa.

Systematikk

Nivå

Norsk namn

Vitskapleg namn

Art

Robinia

Robinia pseudoacacia

Slekt

Robiniaslekta

Robinia

Familie

Erteblomfamilien

Fabaceae

Orden

Fabales

Klasse

Tofrøblada planter

Dicotyledoneae

Rekke

Dekkfrøa planter

Angiospermae

Rike

Planteriket

Plantae

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg