Robiniatre
Robinia

Robinia er eit tre i erteblomfamilien. Treet har nitrogenfikserande bakteriar i rotknollane, og er i Noreg svartelista i kategorien høg økologisk risiko (HI).

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Robinia pseudoacacia
Beskriven av
Carl von Linné
Framandartstatus i Noreg
LO – Lav risiko
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Skildring

Blomeklase av robinia
Robinia

Robinia er eit rasktveksande, lauvfellande tre som kan bli opptil 25 meter høgt. Barken er tjukk, med djupe furer. Treet har hengande blomeklasar med kvite til rosa blomar. Treet spreier seg med både frø og rotskot.

Utbreiing

Robinia er opphavleg nordamerikansk, og vart introdusert til Europa på 1600-talet.

Bruk

Robinia blir brukt som prydtre i hagar og i parkar. Trevirket er sterkt og hardt, og vert mellom anna nytta i båtbygging. Somme delar av planta er giftige, særskilt barken.

Økologiske konsekvensar

Robinia veks raskt, og kan kjapt danne tette kratt og skogar. Dei nitrogenfikserande bakteriane i rotknollane aukar andelen nitrogen i jordsmonnet, og kan endre opprinneleg nitrogenfattige lauvskogar til nitrogenrike. Dette vil på sikt føre til ei homogenisering av undervegetasjonen, frå eit artsrikt urte- og gras-sjikt, til storvokste nitrogenplanter, og vidare til eit komplett skifte av lauvtreartar i skogen. Robinia vil òg auke tilførsel av nitrogen til bekkar og vassig, og bidreg dermed til eutrofisering av nærliggande vassdrag.

Robinia står på verstinglista til DAISIE over dei 100 mest invaderande artane i Europa.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

robinia
Robinia pseudoacacia
Tidlegare vitskapleg namn
Robinia pseudacacia
Artsdatabanken-ID
131417
GBIF-ID
5352251

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg